Andre produkt

Vi levere ofte komplette pakkar med utstyr, vanlegvis med hydraulisk drift.
Det meste kan kjennast att som dekksutstyr, men eit naturleg supplement som ofte kompletterer leveransen er

 * Sidepropellar, 40-330 HK
 * Hydraulikkanlegg; pumpe, tank, filter og ventilar
 * HPU-løysingar; komplette hydraulikk-aggregat med elektrisk drift eller dieseldrift

HPU-ar (Hydraulic Power Unit) med diesel-drift kan i enkelte tilfelle framstå som eit komplett frittståande maskinrom.

 

Eit produkt som står litt for seg sjølv, men som mange har hatt stor glede av er våre

 * Frekvensstyrte rulledemingstankar

Tankane må tilpassast kvar enkelt båt, men kan samtidig regulerast for å passe best mulig med aktuell lastkondisjon og bølgeforhold.