Elektro & data

På elektroavdelinga går produktutvikling og produksjon hand i hand.

Til tider kan det vere vanskele å avgjere kva som er kontor og kva som er produksjonsareal, men da er det også kort veg frå revisjon av systemteikning til justering i produksjon.

Vi produserer det aller meste av styrepanel og liknande sjølve, men sjølvsagt mest muleg med basis i standard komponentar frå gode og kompetente underleverandørar. Innkjøpskompetanse blir derfor veldig viktig og vi er stolte av at vi har eit miljø som mestrar dette veldig bra.