Hydraulikk

Kompetanse på hydrauliske system krev både teoretisk kunnskap, produktkunnskap og ikkje minst lang erfaring og praktisk innsikt.

Vi har bygd opp denne kompetansen over tiår.

Det set oss i stand til å designe komplekse hydrauliske system og til å takle dei situasjonar som måtte oppstå i tilknytning til reperasjon, service og oppstart.

Overlappande kompetanse mellom elektronikk og hydraulikk er også veldig viktig; ofte ein nøkkel til suksess som har sett oss i stand til å lage avanserte produkt som det kompakte launch and recovery systemet (LARS – for miniubåt) vi laga for ei tid tilbake, eller det nye, kompakte Fuel&Lube systemet med fleire elektrisk drivne kabelvinsjar for etterfylling av chase-farty med drivstoff og olje i open sjø.