Kraner og bommar

Vår første reine knekkarms-kran vart utvikla på 1980-talet; for sikkerheits skuld med design gjennomgang hos SINTEF.

Krana vart utvikla for å ha eit lett alternativ for shelterdekk- eller styrhusmontering på eigne nybygg, så sjøvassbestandig aluminium var eit naturleg materialvalg.
I tillegg fekk krana ein heilt spesiell svingkonstruksjon; nesten usliteleg og veldig sterk.
Nokre av desse kranene er fremdeles, etter mellom 25-30 år i dagleg bruk.

Ein forstørra, 10,5 tm, versjon av desse første kranene vart seinare utvikla og levert til dei nye norske mineryddingsfarty i første halvedel av 1990-talet. Desse krenen blir no renovert hos MBH for nye tiår i teneste.

Ei kran frå MBH er eit høgkvalitets spesialprodukt utvikla for å tilfredstille heilt spesifikke behov for den enkelte kunden. Nokre har så, i ettertid, vorte standardprodukt. Av det opparbeidde reportoaret kan nemnast:

* Spesialkran for redningsselskapet – låg vekt, ekstrem låg byggehøgde
* Sherrypicker-kraner for PGS – kran med sjølvrettande arbeidsplattform og tilpassa hekkmontasje.
* Div lastekraner
* Kran for transportabelt LARS med containermål – integrert, kompakt, med teleskop og hivkompensering
* Div offshorekraner 18-75 tm – spesialdesign, mellom anna for å kunne arbeide svært nær kranfot.
* Offshorekran 75 tm – spesialdesign, sidevegs nedleggbar for montering ved helikopterdekk.

I tillegg ei mengd andre kran og bomløysingar.
Alle kjenneteikna ved at vi kan møte spesielle kundebehov på ein heilt anna måte enn det ein normalt kan oppnå med masseproduserte kraner.

Har du spesielle, maritime løftebehov – ta kontakt for ein kranprat.