Maskinering

Vi har eigen maskineringsverkstad på ca 400 m2.

Her har vi både manuelt dreie-, borre- og frese-utstyr og CNC-styrt utstyr.

Av CNC styrt utstyr kan nemnast
* 1 stk CNC dreibenk
* 1 stk CNC fres med Fanuc styring/programmering.
* 1 stk CNC bedfres 2x2x6 m, med Fanuc styring/programmering.

Satsinga på CNC-utstyr og ikkje minst på rekruttering og opplæring av dyktige operatørar, gjer at vi kan levere meir avansert utstyr enn før og med med høgre, og fullstendig repetarbar kvalitet. Satsinga på CNC-utstyr og samspel operatør og konstruktør har derfor også vore medverkande både til å vidareutvikle eksisterande produkt og å skape nye.

I tillegg er det kostnadsbesparande. Dette kjem også kundane våre til gode.