Rulledempings-tankar

Dei frekvensstyrte rulledemingstankane våre må tilpassast kvar enkelt båt, men kan samtidig regulerast for å passe best mulig med aktuell lastkondisjon og bølgeforhold.

Frå at vi i 1982 fekk lov til å prøve ut ideen til desse tankane på vårt bygg nr 112, «Skulbaren», har vi skaffa oss over 30 år med erfaring på design og tilpassning på den enkelte båten.

Tankane blir normalt plassert på styrhustak eller shelterdekk.
Dette gir best effelt pr liter tankvolum og sparar deplasement.
Ikkje alle båtar er eigna for rulledempingstank.
Vi avviser ueigna prosjekt.

Vi har levert rulledempingstankar for heile spektret av båtlengder (mest fiskefarty) i området 10 – 60 meter.
Fysikken er den same uansett, men på veldig små båtar kan det vere problematisk å finne plass.

Dei aller fleste rapporterer tilbake at effekten vart betre enn forventa, som for eksempel skipperen på trålaren «Mette Mari» som erklærte at «Rulledempingstanken er det mest fantastiske som nokon gong har vore sett ombord i båten«.

For å gi pris må vi ha ein del info om båten. Ta kontakt for detaljar.

 

 

Til venstre Skulbaren (strukturert) med vår absolutt første tank montert under styrhuset ved bygging. Tanken ga god effekt. Ved seinare forlenging vart denne vurdert å vere for liten og ein supplerande tank vart montert på styrhustaket. Den samla effekten vart som forventa god.
Til høgre ein nyprodusert tank klar for sending.