Seismikk – spesialvinsjar

Vi leverer ulike typar vinsjar brukt innafor seismikkbransjen.

 

Storparten av leveransane her har vore streamervinsjar og baugvinsjar til bruk ved utskifting av skadd seismikk-kabel i sjøen frå spesialdesigna lettbåt som blir sett ut frå moraskipet.

Vinsjane er tilpassa den enkelt lettbåtprodusenten sitt båt-konsept.
Dei største kundane i dette segmentet er Jemar Norpower,  Westplast og Trefjar (Kleopatra).

Vi leverer også ein del andre spesialprodukt som gunvinsjar, kabeltromlar og kabelvinsjar, både frittståande og integrert i komplette refuelingssystem som for PGS chasefarty. Gunvinsjar for RXT Sanco Star og 20-fots refulingssystem for PGS er vist under.