Spesielle sidepropell arrangement

Frå tid til anna dukkar det opp spesielle behov for plassering og manøvrering.

Vi har tidlegare levert sidepropellar i spesialarrangement som
* hengsla; f.eks bak spegel på hurtiggåande båt
* i dreibare pod med hydraulisk sving
* i hengsal framdriftsarrangement under lekter

I det føste tilfellet var situasjonen at båten var så grunn i akterskipet at det ikkje var plass til sidepropell. Løysinga vart dermed å montere sisepropellen hengsla til spegel slik at han kunne løftast opp hydraulisk under fart, men senkast tilstrekkeleg dupt, dvs under botn-nivå, når båten skulle manøvrere.

I tilfellet med dreibare poddar var problemstillinga fri manøvrering i alle retningar av Seawalkei høgtflytande flytebrygge med lang ledda landgang, utvikla av Cruise Ventures. Løysinga vart 2 stk 250 HK sidepropellar, kvart montert på lange dreibare skaft montert til eit kraftig tannkrans/hydraulisk pinion-system som vi sjølve utvikla. Drift frå eigendesigna HPU med 16 liter Nogva/scania industridiesel som kreftkjelde.
Så langt har vi levert komplette anlegg til 3 stk Seawalk.

 

I det siste tilfellet, for Seløy kystberedskap var behovet framdrift av ein gruntflytande lekter der det til tider er behov for at lekteren må kunne vere heilt slett under for å kunne operere på grunna. Her vart løysinga 2 hengsla framdrifts-eineheiter på 600 HK, kvar samansett av  2 stk 300 HK kontraroterande sidepropellar i breidd, og slik arrangert at dei kan vippast ned for kjøring eller trekkast heilt opp i skrog når dei ikkje er på bruk.
Også her leverte vi komplett hydraulikkanlegg med drift frå ein stor dieselmotor. samt alt av styresystem og styrepanel.