Produkt

Vår spesialitet er hydraulisk skipsutstyr i sjøvassbestandig aluminium og rustfritt stål.

Dvs at:
–       Vinsjar og capstanar
–       Kraner og anna løfteutstyr
–       MOB davitar og kraner
–       Sidepropellar
–       Spesialprodukt og
–       Systemløysingar. LARS

er ei dekkande som ei kortliste for hoveddelen av produktspektret vårt.
menyen til venstre kan du finne ein meir detaljert gjennomgang av dei ulike produkta vi kan by på.

Fann du ikkkje det du leita etter?
Ta kontakt, kanskje har vi det likevel.
Om ikkje, kanskje vi skal utvikle noko saman?

Litt om materialvalg og kombinasjonar:
Vi brukar primært sjøvassbestandig aluminium som konstruksjonsmateriale og førstevalget for supplerande detaljar er rustfritt (vanlegvis syrefast) stål. Du kan lese meir om aluminium her.

Eit godt alternativ til rustfrit stål i standard boltar og forskruvningar som er lett utskiftbare kan vere varmgalvanisert stål. Da fell behovet for barriere mot alugodset bort så lenge galvaniseringa er intakt. Når zinken er oppbrukt må imidlertid slike boltar skiftast.

Sjølv om grunnmaterialet er sjøvassbestandig aluminium er det ikkje til å unngå at drivverk og ventilar mm vil vere i ulike typar stål. Da er det viktig med ei tilfredsstillande barriere mellom grunnmaterialet og komponenten for å unngå galvanisk tæring.
Vi har lang erfaring med dette og normalt medfører ikkje dette unormale problem eller skade.

Eit godt målingssystem på alt av stål og liknande som minimum, er også til god hjelp her.
Vi utfører lakkeringsarbeid under kontrollerte forhold i samsvar med dei fleste aktuelle standardar.

 

Drift av utstyret – høgtrykks hydraulikk – elektrisk alternativ
Det meste av utstyret vi leverer (vinsjar, kraner, sidepropellar o.l.) er utrusta for drift med høgtrykks hydraulikk, typisk i området 180 -350 bar.
Ofte levere vi da heile pakkar med hydraulisk utstyr, pumper, tank, ventilar og styrepanel.

Gode hydraulikkløysingar krev lang erfaring og inngåande kunnskap om emnet.
Vi er eit team som har arbeidd med hydraulikk i mange år. Enkelte har over 30 års erfaring.
I tillegg brukar vi berre leiande leverandarar som vi kan lite på. Tilsaman gir dette tryggheit.

Høgtrykks hydraulikk er den mest kompakte forma for energiformidling ein kan ha.
Det gjeld både volum og vekt.
Energitettheita i ein hydraulikk-motor er typisk 10 gongar høgre enn i ein elektromotor.

Høgtrykks hydraulikk byr også på gode reguleringsmuligheiter, og dette blir i aukande grad kombinert med avansert elektronikk og programerbare logiske styringar (PLS).

Eit eksempel på kor avansert dette kan bli er det mobile LARS-systemet vi leverte til Seabed for operasjon ned til 2500 meter kor elektroniske bevegelses-sensorar er kobla saman med kran, hydraulikk-anlegg og styresystem slik at wire og last blir hengande dønn i ro i sjøen sjølv om båten ligg i stor sjøgang.

Elektrisk drift
Enkelte farty blir no bygd ut frå ein filosofi om gjennomgåande elektrisk drift av alt om bord.
Andre gongar kan det berre vere at elektrisk kraft er enklast tilgjengeleg på montasjeplass.
For å imøtekome desse behova utviklar og leverer vi også utstyr med alternativ elektrisk drift.
God regulering krev da oftast at vi leverer med frekvensomformar.

Kva som er mest tenleg; frekvensomformar og direkte elektrisk drift eller elektrisk drive HPU (Hydraulic Power Unit) og standard hydraulisk utstyr må vurderast i kvart enkelt prosjekt.
Vi opplever ofte at vi kan bidra positivt til å klare opp i slike diskusjonar. Ta gjerne kontakt.