Rullepollertar & tractionvinsjar

Tractionløysingar er løysingar der trekkeinheita er skilt frå trommelen.

Dette aktuelt der ein skal handtere store lengder taug, eller wire, og ønskjer same høge trekk-kraft tilgjengeleg frå første til siste meter. I si enklaste form kan dette vere ei trekkeining i form av ein nokke og ein lagrings-trommel med lågt oljeforbruk til etterhalar, for eks som i eit tradisjonelt snurrevadarrangement.

Vi har mellom anna levert tractionvinsj løysingar for forhaling av Seløys Nautilus Maxi kabelleggingsfarty.

Desse er av typen «rullepollert» eller «8-tals nokkar» ettersom tauget blir lagt på i 8-tal mellom dei to nokkane.

 

Her er nokkane laga med spor for kvart legg med taug. Tilsaman sikrar dette god gripeemne og skånsam taughandtering der tauget kan leggast på tromelen med låg kraft, utan å skjere seg fast.

Med ein vinsj i kvart hjørne av lekteren kan skipsføraren ha fullt herredøme over framdrifta. Store tromlar sikrar lange legg utan stopp før ankra må flyttast.