Spesialprodukt for Sjøforsvaret

Vi har opp gjennom åra levert ein del spesialprodukt til Den norske marine.

Den største enkeltkontrakten har vore utstyr til dei norske mineryddingsfartya, men også til andre.

Utstyret for mineryddarane vart levert for over 20 år sidan, men blir i desse degar renovert for nye 20 års drift.

 

P1020617DSC_7388

Vinsjbru for mekanisk sveip. Under og etter renovering.

Samla dreidde denne leveransen seg om kombinerte laste-/losse- og MOB-båt kraner, A-ramer og vinsjar for mekanisk, akkustisk og magnetisk sveip,- alt saman spesialutstyr med låg magnetisk signatur og ekstra kapasitet for å tole sjokkbelastningar.

 

Ein anna leveranse har vore rakettrampar for Skjold-klassen av MTB-farty. Utstyret kan sjå enkelt ut, men var ein krevande produksjon med svært høge krav til presisjon og sveisekvalitet

IMG_2079

Rakettrampar under produksjon

Ein av dei siste forsvarsleveransane våre er all vinsjutrustninga til dei nye 20-meters Inteceptor-fartya frå Dockstadvarvet for Den norske marine – den såkalla August Nærø-klassen av patruljebåtar.
Her var det truleg vekta som gjorde utslaget. Desse fartya er oppgjeve til å gå over 50 knop.