Stort spenn i kundemassen

Alle våre kundar har tilknytning til maritime næringar, men spennet i kundemasse er likevel stort;

 * frå kundar innafor seismikk og olje til hurtigåande passasjerfarty,
 * frå utstyr til kabelleggingsfarty til servicefarty for oppdrettsnæringa
 * frå sjømilitære farty og redningsfarty til fiskefarty

 for å ha nemnt nokre av dei mest typiske.

Felles for alle desse er imidlertid at dei verdset ein eller fleire av dei eigenskapane vi typisk bygger inn i utstyret vårt som del av vår spisskompetanse

 * låg vekt, bruk av sjøvassbestandig aluminium
 * lågt vedlikehaldsbehov, alu og rustfritt stål igjen. Les meir [her]
 * velprøvde standardløysingar, men også
 * ekstrem stor grad av kundetilpassning

Nesten alle våre produkt har ei historie som botnar i behov presentert av gode og kompetente kundar.Såkalla kundedreve innovasjonsarbeid der nye idear og velprøvde løysingar blir kombinert på stadig nye måtar er ein del av kvardagen ved MBH.