System-løysingar og spesialprodukt

Vi leverer ofte heile pakkar med utstyr inklusive pume(r), tank, filter og styresystem.

I praksis leverer vi da eit komplett hydraulikksystem ex montering og røyropplegg. Vi tek da ansvar for heile systemet og tilbyr i slike tilfelle installasjonskontroll og oppstartsassistanse.

Integrasjonsgraden kan variere mykje frå samla leveranse av vinsjar-, sidepropell og hydraulikkanlegg for servicebåt til ferdig integrerte spesialprodukt som den kompakte LARS (Launch And Recovery System) løysinga vår der kran, vinsj, hivkompensering, akkumulatorar og elektrohydraulisk aggregat alt saman er integrert i ei felles rame innafor yttermåla til ein 20-fots container.