MBH treng fleire medarbeidarar – finn ut meir her

MB Hydraulikk AS held til i Mjosundet i Aure kommune, 11 km frå kommunesenteret. Selskapet vart stifta i 2004, har 35 tilsette og ei forventa omsetning på ca. 60 mill. i 2021.

Vi konstruerer og produserer vinsjar, kraner og sidepropellar mv i aluminium og rustfritt stål.

Vi leverer avanserte, høgkvalitets, eigenutvikla, skreddarsydde produkt til seismic, subsea, forsvar, forskning, oppdrett servicebåt, frakt og fiske mv.

Vi søkjer:

Medarbeidarar innan Røyr og Automasjon

Arbeidsoppgåver vil kunne vere:

  • Utvikling av elektriske og hydrauliske kontrollsystem
  • Testing av elektriske og hydrauliske kontrollsystem
  • Service/reiseoppdrag på elektriske og hydrauliske kontrollsystem
  • Røyrlegging og oppbygging av hydrauliske system på nye produkt

Ønskte kvalifikasjonar:

  • Erfaring fra oppbygging av elektriske og eller hydrauliske kontrollsystem
  • Utdanning og eller erfaring innan automasjon.
  • Utdanning og eller erfaring innan hydraulikk.
  • Utdanning og eller erfaring innan røyrlegging
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta.
  • Gode evner til å samarbeide.

Vi kan tilby:

  • Ein utfordrande jobb i eit trivelig og godt arbeidsmiljø.
  • Varierte arbeidsoppgåver med gode muligheiter for personlig og faglig utvikling.
  • Løn etter kvalifikasjon.

Bedrifta kan hjelpe til med å skaffe bolig. 

For nærare opplysningar om stillinga ta kontakt med Kjetil Ås tlf. 71647740.

Send søknad med CV og kopi av attestar, vitnemål og eventuelle referansar til:

MB Hydraulikk AS,  Mjosundvegen 306, 6693 Mjosundet, eller til kjetil@mbh.no

Snarast.