HPUar og hydraulikkanlegg

Saman med den reine utstyrsleveransen levere vi ofte hydraulikkanlegget; pumpe(r), tank, filter, evt kjølar og ventilpakke/styresystem.

Dette skjer normalt i nært samarbeid med kunden slik at vi får sikra at anlegget er tilpassa kraftuttak, behov og graden av samtidigheit.

Ein kompaktversjon av dette er hydraulikkaggregatet, ofte kalla HPU (Hydraulic Powe Unit), der drifta er inkludert.
Dersom drifta er elektrisk er det veldig viktig å få avklart straumart samt om aggregatet skal leverast med startar.

Ved dieseldrift er kartlegging av behov tilsvarande viktig for best mulig valg av motor.
HPU-ar med diesel-drift kan i enkelte tilfelle framstå som komplette, frittståande maskinrom med alt inkludert.

Eit eksempel på det er HPU’en til sidepropell-poddane til SeaWalk.
Her utgjer HPU’en og dei svingbare sidepropellane våre eit autonomt system som kan operer SeaWalken heilt sjølvstendig så lenge det er diesel på tanken.