Vil du vere med på å utvikle hydrauliske løysingar? Vi søker Hydraulikkingeniør / Hydraulikkekspert

MB Hydraulikk AS er i sterk vekst med god ordreinngang der vi arbeider med å utvikle neste generasjon fagfolk og leiarar i selskapet. I dette arbeidet ser vi etter ein hydraulikkingeniør eller teknisk person med gode kunnskapar innan høgtrykks-hydraulikk, og som ønskjer å utvikle seg vidare innan eit av våre viktigaste fagområde.

Hos oss får du arbeide med avanserte system for den maritime næringa, tett saman med erfarne fagfolk og kundar over heile verda.

Arbeidsoppgåver

  • Utarbeiding av hydrauliske skjema
  • Prosjektering av hydrauliske system
  • Produktutvikling og vidareutvikling av eksisterande løysingar
  • Teknisk rådgjeving internt og eksternt
  • Testing og verifikasjon av system
  • Dokumentasjon og teknisk støtte

Ønskte kvalifikasjonar

  • Formell utdanning og eller erfaringsbasert god teknisk bakgrunn
  • Erfaring med høgtrykks-hydraulikk
  • Gjerne også erfaring med CAD eller teknisk teikning for teikning av skjema
  • Beherske norsk og engelsk, skriftlig og muntlig

Karrieremuligheter

Hydraulikk er ein kjernekompetansane i MB Hydraulikk.
Vi ønskjer derfor å investere i personar som vil utvikle seg vidare saman med oss.
Gjennom arbeid med prosjekt, produktutvikling og kundeløysingar får du mulighet til å byggje unik kompetanse innan maritim hydraulikk.

For rett kandidat kan stillinga utviklast vidare mot teknisk leiar for hydraulikk.

Vi tilbyr

  • Arbeid med avanserte tekniske løysingar
  • Tett samarbeid med erfarne fagfolk
  • Moglegheit til å påverke utviklinga av nye produkt
  • Sterke faglege utviklingsmoglegheiter
  • Løn etter avtale

Arbeidsstad: Aure. Etter opplæring kan Trondheim vere aktuelt som base.

Send søknad med CV og kopi av attestar, vitnemål og eventuelle referansar til:

Kjetil Ås
📧 kjetil@mbh.no
📞 41 62 26 40