Sletta bestiller MBH utstyr for bnr 193, 199 og 201

21. desember 2021

Sletta Verft bestiller MBH utstyrspakkar for bnr 193, 199 og 201 for FSV

Alle tre fartya skal ha:

  • 1 stk Ankervinsj type 1-AV-14K2
  • 1 stk Varpvinsj type 1-VA-40-AHB-EL
  • 1 stk MBH LPH20 Låseplatehaldar 20t SWL, montert på teleskop for horisontal kjøring på dekk
  • 1 stk Vinsj type 1-VA-5,0-AHB
  • 3 stk Capstan type CA-3,0-320-AHB-DM m/søyle for dekksmontering, nødstopp og fotpedal.
  • 1 stk Capstan type CA-3,0-320-AHB-SM m/nødstopp og fotpedal
  • 1 stk MBH SH1 dekkskassett m/ hyd nedkjørbare Styrepinnar og Haikjeft
  • 1 stk E-HPU 60kW, frekvensomformar medlevert.

Elektrisk hovedvinsj. Hovedvinsjen har denne gongen elektrisk drift frå energieffektive PM-motorar og er klargjort for drift frå frekvensomformar og gjenvinning av regenerativ effekt ved låring av last. Dette kan f.eks brukast til å lade batteri i staden for å svi av energien i ein bremsemotstand. Ved 200kW tilgjengelig er max trekk-kraft 40 tonn og max hivefart 150 m/min (ikkje samtidig). Som vanlig, og i samsvar med myndigheitskrav, er vinsjen utstyrt med nødfrislepp som også fungerer ved eventuelt daudt skip. Strekkmåling og panel for hiverkraft-begrensning i samsvar med myndigheitskrav og innlagt bruddlast på taug i bruk.

Alt utstyr bortsett frå ankervinsj og capstanar er elaktivert for fjernstyring frå panel. SH1, styrepinnar og haikjeft kan i tillegg kjørast ned ved daudt skip i samsvar med myndigheitskrav.

E-HPU har elektronisk LS-basert regulering av turtal på elmotor slik at den ikkje går med høgre turtal enn nødvendig. Dette gir betre energieffektivitet og i tillegg vesentlig redusert støy i dei situasjonar der fullt turtal ikkje er nødvendig.

.

Bnr 191 og 192 skal ha same utstyr. Bestilt på juni. Samla har vi med dette ein skjeldan stor ordrereserve mot Sletta Verft åleine, og vi takkar så mykje for tilliten.