MBH friksjonsvinsj for kabelferje sett i drift

16. april 2021

MBH har utvikla og levert ein såkalla friksjonsvinsj for svensk kabelferje – linfärjan Lina -.

Den 16. april i år vart Trafikverket, Färjerederiets «LINA», etter omfattande modernisering og testkjøring, sett i ordinær drift på Arnöleden, som er ein 800 m overfart på vestre Mälaren.

METS Technology AB i Uddevalla har stått for elektro-installasjon og igangkjøring.

I Sverige er ferjene rekna som ein del av vegen, og Färjerederiet har eit vesentleg innslag av kabelferjer i drift som del av Trafikverkets vegnett.

Kabel framdrift gir vesentleg betre verkningsgrad enn propell. Det blir snakka om ein faktor på 2.

Med moderniseringa av «Lina», der ein også går over til batteridrift, med diesel kun som backup, søkjer ein å oppnå ytterlegare energi-effektivisering og i tillegg reduserte CO2 utslepp.

Du kan lese meir om prosjektet på Färjerederiets heimeside her.