Sletta Verft bestiller MBH dekksutstyr og sidepropellar for bnr 198 og bnr 200

Mars- april 2021

Det gode samarbeidet med Sletta berre fortsett og for bnr 198 og 200 for FSV har vi gleda av å skulle levere:

  • 2 stk Ankervinsj type 1-AV-26K2 med DnV produktsertifikat
  • 1 stk Dobbel varpvinsj 1-VA-20-AHB-SAI/1-VA-80-AHB-SAI
  • 1 stk Dekkskassett m/haikjeft og styrepinnar, MBH SH1 m/ekstra tauepinne
  • 1 stk Thor Taulås, MBH TT1 SWL 5tonn
  • 1 stk Låseplatehaldar, MBH LPH20 20t SWL for montering på teleskop i dekk
  • 1 stk Vinsj type  1-VA-5,0-AHB
  • 4 stk Capstan CA-2,0-320-AHB-DM m/mekanisk fotpedal og nødstopp
  • 2 stk Sidepropell 350hk, type S-300-350-1000-EL med DNV for DAP

(elektromotorar og frekvensomformarar er verftsleveranse)

.

Samkjøring av utstyr.

Som vanlig kan det mest sentrale utstyret; dobbeltvinsj, haikjeft&styrepinnar, låseplatehaldar og Thor Taulås kjørast både frå MBH/HBC radiostyring eller felles MBH panel i styrhus.

Panelet har loggefunksjon for vinsj og automatisk hivekraftbegrensning som blir tilpassa den bruddlasten ein til ei kvar tid legg inn for det tauget som er i bruk.

Fjernservice

Brupanelet har også ein servicemodus for ekstern pålogging slik at MBHs ekspertar ved evt behov kan gå inn på systemet frå kontoret. Potensielt kan dette spare store reisekostnader.

.

Vi takkar så mykje for ordrane.

.

Nedafor kan du sjå bilete av noko av utstyret:

Låseplatehaldar LPH20
Thor Taulås
Hovedvinsj 80 + 20 tonn
MBH kontrollpanel

***