Sletta bestiller MBH utstyr også for sine bnr 191 og 192

2. juni 2021

Sletta Verft bestiller MBH utstyrspakkar for bnr 191 og 192

Begge fartya skal ha:

  • 1 stk Ankervinsj type 1-AV-14K2
  • 1 stk Varpvinsj type 1-VA-40-AHB-EL
  • 1 stk MBH LPH20 Låseplatehaldar 20t SWL
  • 1 stk Vinsj type 1-VA-5,0-AHB
  • 3 stk Capstan type CA-3,0-320-AHB-DM m/søyle for dekksmontering, nødstopp og fotpedal.
  • 1 stk Capstan type CA-3,0-320-AHB-SM m/nødstopp og fotpedal
  • 1 stk MBH SH1 dekkskassett m/ hyd nedkjørbare Styrepinnar og Haikjeft
  • 1 stk E-HPU 60kW

Elektrisk hovedvinsj. Hovedvinsjen har denne gongen elektrisk drift frå energieffektive PM-motorar og er klargjort for drift frå frekvensomformar og gjenvinning av regenerativ effekt ved låring av last. Dette kan f.eks brukast til å lade batteri i staden for å svi av energien i ein bremsemotstand. Ved 200kW tilgjengelig er max trekk-kraft 40 tonn og max hivefart 150 m/min (ikkje samtidig). Som vanlig, og i samsvar med myndigheitskrav, er vinsjen utstyrt med nødfrislepp som også fungerer ved eventuelt daudt skip. Strekkmåling og panel for hiverkraft-begrensning i samsvar med myndigheitskrav og innlagt bruddlast på taug i bruk.

Alt utstyr bortsett frå ankervinsj og capstanar er elaktivert for fjernstyring frå panel. SH1, styrepinnar og haikjeft kan i tillegg kjørast ned ved daudt skip i samsvar med myndigheitskrav.

E-HPU har elektronisk LS-basert regulering av turtal på elmotorane slik at dei ikkje går med høgre turtal enn nødvendig. Dette gir betre energieffektivitet og i tillegg vesentlig redusert støy i dei situasjonar der fullt turtal ikkje er nødvendig.

.

Samla har vi med dette ein skjeldan stor ordrereserve mot Sletta Verft åleine, og vi takkar så mykje for tilliten.

.

Låseplatehaldar LPH20, 20t SWL

E-HPU 3x60kW